onsdag 7. juli 2010

7. juli

Ikkje uventa vart det finale mellom Spania og Nederland. Ikkje uventa for nokre av oss, i alle fall. Eller éin av oss, for å vera litt meir presis. Eller meg, for å vera heilt presis.

Av dei seks i teten kan Henning plukka ekstremt med poeng viss Nederland vinn finala. Før VM tippa han Nederland som meister, med Spania som tapande finalist. Går det tipset inn, får han altså tjue poeng berre der. Før sluttspelet hadde han meir tru på Brasil, men også der har han Spania som finaletapar, slik at det vert fem nye poeng. Jens Johan kan dermed gløyma alle drøymar om heider og ære. Odd Martin kan derimot vinna, han har Spania som vinnar, og Klose som toppskårar. Bjørg kan få femten poeng viss Spania vinn. Steinar er sjanselaus.

53 poeng: Henning
48 poeng: Jens Johan, Kjetil Rekdal, Odd Martin
45 poeng: Kjetil
43 poeng: Bjørg, Steinar
38 poeng: Eirik
37 poeng: Torstein
36 poeng: Thomas
34 poeng: Balle
32 poeng: Arnfinn
29 poeng: Marit
28 poeng: Gjert
23 poeng: Kjartan
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

1 kommentar:

  1. Ikkje meininga å vera frekk, men eg hadde siger til Spania i semien og burde då iallefall få eit poeng for det?
    Sure-Bjørg

    SvarSlett