mandag 12. juli 2010

12. juli

gjerten hypa seg sjølv litt for langt opp: sjølv med svært god tipping i sluttspelet, kom han ikkje ein gong opp på pallen. det måtte einaste vera viss ein sorterte ut jentene som eigen klasse. odd martin er altså vinnar, og me ynskjer sjølvsagt til lukke.

viss det vert ein neste gong, ser eg alt mykje som skal gjerast annleis. eg trur det vert langt enklare om me tippar runde for runde. det vert òg enklare om eg ikkje reiser på ferie under em, og det verkar òg som ein god idé om eg held meg til éi e-adresse. det vil òg vera aktuelt med straffepoeng for dei som ikkje greier å levera tipsa i excel.

offisiell liste:
64 poeng: Odd Martin
63 poeng: Bjørg
62 poeng: Eirik
59 poeng: Balle, Gjert
54 poeng: Henning
49 poeng: Steinar
48 poeng: Jens Johan, Kjetil Rekdal
47 poeng: Kjetil
42 poeng: Arnfinn
41 poeng: Torstein
36 poeng: Thomas
35 poeng: Kjartan
33 poeng: Marit
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

søndag 11. juli 2010

11. juli

UOFFISIELT: ekstremt rask oppdatering i dag, og det ser ut som om odd martin tek kaka. men, og der er eit ørlite men: gjert melder at han har sendt inn tips likevel. han meiner at eg bør sjekka innboksen min. i rocketmail-innboksen ligg det ingen tips frå gjert, men sidan han ikkje er av dei mest oppvakte (han liknar litt på ramos), er det fare for at han har sendt tipsa til online-adressa. den sjekkar eg i morgon kveld, men fram til dess ser det slik ut:

64 poeng: Odd Martin
63 poeng: Bjørg
62 poeng: Eirik
59 poeng: Balle
54 poeng: Henning
49 poeng: Steinar
48 poeng: Jens Johan, Kjetil Rekdal
47 poeng: Kjetil
43 poeng: Gjert
42 poeng: Arnfinn
41 poeng: Torstein
36 poeng: Thomas
35 poeng: Kjartan
33 poeng: Marit
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

lørdag 10. juli 2010

10. juli

nja, her kom nokre poeng i dag òg. flest fekk arnfinn, som før vm tippa tyskland på tredjeplass. han klatrar difor på listene, men dei som ligg over han har likevel ingenting å frykta.

bjørg heng framleis med. ho fekk eitt poeng for tysk siger i dag, og sidan klose ikkje vert toppskårar i vm, er alt ho treng ein spansk 2-0-siger i morgon.

54 poeng: Henning
48 poeng: Kjetil Rekdal, Jens Johan, Odd Martin
47 poeng: Bjørg, Kjetil
44 poeng: Steinar
42 poeng: Arnfinn
41 poeng: Eirik, Torstein
38 poeng: Balle
36 poeng: Thomas
33 poeng: Marit
28 poeng: Gjert
27 poeng: Kjartan
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

fredag 9. juli 2010

9. juli

bjørg pirka litt i den siste utrekninga mi. vanlegvis drit eg sjølvsagt i slikt, men denne gongen ser det ut til at ho har eit halvgodt poeng. eg trur ikkje dette er rette publikummet for lange tekniske utgreiingar, men kortversjonen er at sidan det er færre kampar i em enn i vm, må ein gjera noko med summeringa av poengkolonnane i excel for at tipparane skal få med seg alle poenga sine. her er ei oppdatert liste:

eg trur ikkje dette endrar premissane før dei to siste kampane, eg trur framleis det står mellom odd martin og henning. dei av oss med størst tiltru til blekksprutar reknar med at odd martin vinn. bjørg kan snika seg forbi odd martin viss spania vinn, viss anten tyskland vinn 4-0 eller spania vinn 2-0, og viss klose ikkje vert toppskårar.

frode, mette og thomas får ikkje fleire poeng.

54 poeng: Henning
48 poeng: Jens Johan, Kjetil Rekdal, Odd Martin
46 poeng: Bjørg, Kjetil
43 poeng: Steinar
41 poeng: Eirik, Torstein
36 poeng: Thomas
35 poeng: Balle
32 poeng: Arnfinn, Marit
28 poeng: Gjert
26 poeng: Kjartan
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

onsdag 7. juli 2010

7. juli

Ikkje uventa vart det finale mellom Spania og Nederland. Ikkje uventa for nokre av oss, i alle fall. Eller éin av oss, for å vera litt meir presis. Eller meg, for å vera heilt presis.

Av dei seks i teten kan Henning plukka ekstremt med poeng viss Nederland vinn finala. Før VM tippa han Nederland som meister, med Spania som tapande finalist. Går det tipset inn, får han altså tjue poeng berre der. Før sluttspelet hadde han meir tru på Brasil, men også der har han Spania som finaletapar, slik at det vert fem nye poeng. Jens Johan kan dermed gløyma alle drøymar om heider og ære. Odd Martin kan derimot vinna, han har Spania som vinnar, og Klose som toppskårar. Bjørg kan få femten poeng viss Spania vinn. Steinar er sjanselaus.

53 poeng: Henning
48 poeng: Jens Johan, Kjetil Rekdal, Odd Martin
45 poeng: Kjetil
43 poeng: Bjørg, Steinar
38 poeng: Eirik
37 poeng: Torstein
36 poeng: Thomas
34 poeng: Balle
32 poeng: Arnfinn
29 poeng: Marit
28 poeng: Gjert
23 poeng: Kjartan
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

tirsdag 6. juli 2010

6. juli

Fire kampar igjen, og det er framleis heilt ope. Henning held overraskande koken, men mange luringar kjem luskande like bak. Me ventar rett nok på at Gjert, som framleis er tittelforsvarar, set inn rykket, men det kjem nok.

For mange var det nokre overraskande resultat i kvartfinalene. Torstein er den einaste med tre lag vidare til semifinalene, medan Eirik er den einaste som kan få to lag i finala.

Neste oppdatering kjem truleg alt etter semifinalene.

52 poeng: Henning
48 poeng: Kjetil Rekdal
47 poeng: Jens Johan, Odd Martin
44 poeng: Kjetil
43 poeng: Bjørg, Steinar
37 poeng: Eirik, Torstein
36 poeng: Thomas
34 poeng: Balle
32 poeng: Arnfinn
28 poeng: Gjert, Marit
23 poeng: Kjartan
21 poeng: Mette
15 poeng: Frode

mandag 28. juni 2010

28. juni

omsider ei lita oppdatering igjen. ein kan seia mykje om den danske landsbygda, og det gjer me omtrent dagleg. noko av det som slår oss hardast er at her er altfor langt mellom trådlause nettverk me kan hacka oss inn på, slik at all kontakt med omverda går via a) ei endelaus rekkje tyske fjernsynskanalar, og b) via ein mobil som var relativt moderne då eg kjøpte han.

i alle fall - der var nokre som greidde å levera innan fristen, og der var òg nokre som greidde å fylla ut skjemaet nokolunde korrekt. det viser seg at det er krevjande å skjøna at laget som vinn kvartfinala går vidare til semifinala, og det er endå vanskelegare å få dette til å passa inn i eit excel-skjema. nokre prøver seg med rare garderingar, der lag som går ut i kvartfinala vert henta inn att til bronsefinala. eg reknar med at det er alle desse realityseriane som har skulda i dette, så det luktar vel to endringar til em om to år: me tippar berre ein og ein runde om gongen, slik at det vert sendt ut nye skjema også etter åttandedelskampane, kvartfinalene og semifinala. i tillegg må eg truleg streka under at det er ekstremt utenkjeleg at lag som er utslegne dukkar opp att seinare i vm.

nokre har ikkje levert i det heile, i alle fall ikkje så langt. kjetil rekdal er ein av desse, slik at det ser ut for at den store luka han opparbeidde seg likevel kan tettast. nokre har levert for seint, slik at dei ikkje får poeng på kampar som vart spelte før dei leverte. dei har likevel fått lov til å tippa resten av vm, som om dei hadde tippa rett vinnar i dei utippa kampane. det har ikkje vore for krevjande å tippa åttandedelsfinalene; etter at seks av kampane er spelte har fem tipparar seks lag vidare.

neste oppdatering herfrå vert truleg etter at kvartfinalene er ferdige. i løpet av kvelden oppdaterer eg alle sidene med tips, slik at dei som lever eit altfor kjedeleg liv kan gå inn og sjå kva andre har tippa.

48 poeng: Kjetil Rekdal
47 poeng: Henning
44 poeng: Jens Johan
43 poeng: Odd Martin
41 poeng: Kjetil
40 poeng: Bjørg, Steinar
35 poeng: Torstein
34 poeng: Eirik, Thomas
30 poeng: Arnfinn, Balle
28 poeng: Gjert
24 poeng: Marit
20 poeng: Mette
18 poeng: Kjartan
14 poeng: Frode