mandag 28. juni 2010

28. juni

omsider ei lita oppdatering igjen. ein kan seia mykje om den danske landsbygda, og det gjer me omtrent dagleg. noko av det som slår oss hardast er at her er altfor langt mellom trådlause nettverk me kan hacka oss inn på, slik at all kontakt med omverda går via a) ei endelaus rekkje tyske fjernsynskanalar, og b) via ein mobil som var relativt moderne då eg kjøpte han.

i alle fall - der var nokre som greidde å levera innan fristen, og der var òg nokre som greidde å fylla ut skjemaet nokolunde korrekt. det viser seg at det er krevjande å skjøna at laget som vinn kvartfinala går vidare til semifinala, og det er endå vanskelegare å få dette til å passa inn i eit excel-skjema. nokre prøver seg med rare garderingar, der lag som går ut i kvartfinala vert henta inn att til bronsefinala. eg reknar med at det er alle desse realityseriane som har skulda i dette, så det luktar vel to endringar til em om to år: me tippar berre ein og ein runde om gongen, slik at det vert sendt ut nye skjema også etter åttandedelskampane, kvartfinalene og semifinala. i tillegg må eg truleg streka under at det er ekstremt utenkjeleg at lag som er utslegne dukkar opp att seinare i vm.

nokre har ikkje levert i det heile, i alle fall ikkje så langt. kjetil rekdal er ein av desse, slik at det ser ut for at den store luka han opparbeidde seg likevel kan tettast. nokre har levert for seint, slik at dei ikkje får poeng på kampar som vart spelte før dei leverte. dei har likevel fått lov til å tippa resten av vm, som om dei hadde tippa rett vinnar i dei utippa kampane. det har ikkje vore for krevjande å tippa åttandedelsfinalene; etter at seks av kampane er spelte har fem tipparar seks lag vidare.

neste oppdatering herfrå vert truleg etter at kvartfinalene er ferdige. i løpet av kvelden oppdaterer eg alle sidene med tips, slik at dei som lever eit altfor kjedeleg liv kan gå inn og sjå kva andre har tippa.

48 poeng: Kjetil Rekdal
47 poeng: Henning
44 poeng: Jens Johan
43 poeng: Odd Martin
41 poeng: Kjetil
40 poeng: Bjørg, Steinar
35 poeng: Torstein
34 poeng: Eirik, Thomas
30 poeng: Arnfinn, Balle
28 poeng: Gjert
24 poeng: Marit
20 poeng: Mette
18 poeng: Kjartan
14 poeng: Frode

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar