onsdag 16. juni 2010

16. juni

ting skjer. me er ferdige med fyrste runden i gruppespelet, og ingen av framlegga til toppskårar har skåra mål. spania, som mange har tippa som vinnar, kan slita for å vinna gruppa si, og går dei vidare som andrelag vert det moralsk finale mot brasil i åttandedelsfinala.

på tippefronten har omsider kjartan levert sine tips. imponerande nok greidde han å prikka inn rett resultat på elleve av dei fjorten fyrste kampane, og har sjølvsagt teke ei klar leiing. tipsa til frode, som er ein av to baklengstipparar, vart fyrst klare etter at kjartan har tippa, og han fekk med seg uventa mange poeng.

i dag kom eg på at eg kunne dra i gang små vm-quizar her. eg er usikker på kva nivå eg skal leggja meg på, så eg startar like godt med ein ekstrem-quiz: kva var spesielt med frankrike (1978), belgia (1982), tsjekkoslovakia (1982) og hellas (1994)? den fyrste som svarar rett i kommentatorfeltet får eitt av poenga til kjartan.

stillinga så langt:
34 poeng: Kjartan
19 poeng: Frode
13 poeng: Henning
12 poeng: Jens Johan, Bjørg, Eirik
11 poeng: Steinar
9 poeng: Odd Martin, Balle, Thomas, Marit, Torstein, Kjetil, Mette
8 poeng: Arnfinn, Gjert

1 kommentar:

  1. Alle møtte Argentina i gruppespelet unntatt Tsjekkoslovakia.

    SvarSlett