fredag 18. juni 2010

18. juni

det er ganske kjedeleg med vm-tipping når det ikkje kjem eitt einaste uventa resultat. det er ingen som utmerka seg spesielt i dag heller, kanskje bortsett frå thomas, som har gjort noko så formasteleg som å tippa at tyskland skulle tapa for serbia. eig du ikkje skam?

det var bra respons på quizen, så no veit eg litt meir om kva nivå eg bør leggja oppgåvene på. kjetil rekdal, som eg verkeleg ikkje ante at var innom denne bloggen dagleg, var den fyrste som svara rett, og fekk altså to poeng frå kjartan. nytt spørsmål i dag: kva spelar vart, rett etter at kampen mellom noreg og brasil var over i vm 1998, på direkten omtala av arne scheie som "kjetil reknes"? den fyrste med rett svar får to av poenga til kjartan, og eitt av poenga til frode.

i morgon spelar danmark. i tilfelle nokon har gløymt teksten, kan dei friska han opp her.

33 poeng: Kjartan
23 poeng: Frode
14 poeng: Henning
13 poeng: Jens Johan, Bjørg, Eirik
12 poeng: Steinar
11 poeng: Thomas, Mette
10 poeng: Odd Martin, Balle, Marit, Kjetil
9 poeng: Torstein, Arnfinn, Gjert

2 poeng: Kjetil Rekdal

9 kommentarer:

  1. Kjetil Rekdal.

    SvarSlett
  2. Kjetil Rekdal. Får eg då attende nokre poeng?

    SvarSlett
  3. Kjetil Rekdal. Kor mange poeng har eg då?

    SvarSlett
  4. frode, heiter du Olsen til etternavn? Verkr slik på IQ-fresinga. Long time no sea.

    SvarSlett
  5. "Olsen til etternavn?" Nei eg heiter berre frode.

    Svaret er Kjetil Rekdal

    SvarSlett
  6. Ja, var det ikkje det eg tenkte.

    SvarSlett