torsdag 17. juni 2010

17. juni

ein ny dag utan overraskande resultat, slik at stillinga er omtrent som i går. kjartan har framleis ei luke ned til frode, men frode tek innpå. bak dei er det heller jamt.

quizen i går var visst for vanskeleg, det har i alle fall ikkje kome inn noko svar. skal det verta liv i quizen, må eg altså laga enklare spørsmål, og i dag prøver eg med dette: kven skåra vinnarmålet då noreg slo brasil i vm 1998? premien er normalt eitt av poenga til kjartan, men sidan dette er eit krevjande spørsmål, får difor den fyrste som svarar rett to av poenga til kjartan. viss kjartan svarar fyrst, kan han velja kven han vil ta poeng frå.

fleire har sagt at det har vore ein lite livleg start på vm. då kan det vera greitt med litt nostalgi. det er brei semje om at det einaste laget som kan måla seg med dei to tyske superlaga frå 1974 og 1986 er brasil frå 1970. sjå og nyt. til og med musikken er perfekt.

34 poeng: kjartan
21 poeng: frode
14 poeng: henning
13 poeng: bjørg, eirik, jens johan
12 poeng: steinar
11 poeng: balle, odd martin, thomas
10 poeng: kjetil, marit, mette, torstein
9 poeng: arnfinn, gjert

4 kommentarer:

  1. Kjetil Rekdal.

    SvarSlett
  2. Så vidt eg kan sjå, har ikkje poenget til Kjetil Rekdal kome med på resultatlista, så då svarar eg Kjetil Rekdal og tek eit poeng frå Frode.

    SvarSlett
  3. Samstundes er det litt vel trad at det absolutt skal vera den fyrste som svarar rett som får poenga.

    Eg foreslår å endra reglane til at det er den tredje som svarar rett som får poenga. I så fall svarar eg Kjetil Rekdal, tek to poeng frå Kjartan, eitt frå Frode, ein god del frå meg sjølv og England rykkjer ned.

    SvarSlett