søndag 20. juni 2010

20. juni

det er fare for at dette vert ein vane, men for andre dag på rad må jens johan få litt skryt. han har eigentleg ikkje peiling på fotball, men tippa rett resultat i den fyrste kampen i dag. det gjorde han òg i dei to siste i går, slik at han fekk eit uvanleg hat-trick.

og når me fyrst snakkar om folk som ikkje har peiling på fotball, kan me vel nemna at mette og torstein no har like mange poeng.

quiz i dag: kven er den einaste mannlege norske fotballspelaren som har skåra i to ulike fotball-vm? den fyrste som svarar rett, får fem poeng hjå kjartan og tre hjå frode.

i morgon spelar portugal mot nord-korea. dei eldste av oss hugsar godt korleis det gjekk sist gong dei spelte mot kvarandre.

30 poeng: Kjartan
24 poeng: Jens Johan
21 poeng: Steinar
20 poeng: Frode, Henning
19 poeng: Bjørg
18 poeng: Eirik
15 poeng: Odd Martin, Kjetil
14 poeng: Thomas, Arnfinn
12 poeng: Marit
11 poeng: Mette, Balle, Torstein, Gjert
10 poeng: Kjetil Rekdal

4 kommentarer: